Finnstigen

Bli med på ei vandring gjennom fleire hundre år med historie. Langs Finnstigen møter du gamle heimstølar, slåttemarker og kulturminne som fortel historia om livet i Gravsetåsen.

Finnstigen – ei vandring gjennom historia
Finnstigen er meir enn ein tursti. Dette er ei reise gjennom kulturlandskapet i Gravsetåsen, der gamle ferdselsvegar, heimstølar og slåttemarker fortel historia om livet i fjellet.
Langs stien møter du spor etter gardar, stølar og slåttelandskap som var i bruk gjennom fleire hundre år. Informasjonstavlene undervegs gir eit innblikk i korleis menneska levde, arbeidde og nytta utmarka.
Turen passar både for historieinteresserte og familiar som ønskjer ei oppleving litt utanom det vanlege.
Høgdepunkt
- Historiske heimstølar
- Gamle slåttemarker
- Vakker utsikt over Hemsedal
- Kulturhistoriske informasjonstavler
- Tur i variert skogsterreng
Praktisk informasjon
Start turen frå Gravset parkering.
Følg skiltinga mot Finnstigen. Undervegs finn du informasjonstavler som fortel historia om dei ulike stadene langs ruta.
Du kan òg følgje turen digitalt i Hemsedal-appen.
UPPE PÅ FINN
Oppe i Gravsetåsen ovanfor Ålstveitgardane ligg det 4 heimstølar på rekke og rad. Gravsetåsen ligg solvendt til, og det var tidleg vår og veldig fruktbart der i solhellinga. Det er svært bratt, men det såg ikkje ut til å vera til noko hinder. Gras og beita var nødvendig.
Heimstølane var i bruk vår og haust. Tuftene syner at det var både fjøs og stølsbu der. Det er å anta at stølane var i bruk på 1700- og 1800 talet og litt inn i 1900 talet. Kanskje er stølinga der endå eldre.
Namnet Finn kjem av gamalnorsk firn, som tyder villmark, lite tilgjengeleg strøk.
Me er no på stølen til Flato, gnr 55, bnr 7. Her er det tufter etter 3 hus. Antakeleg fjøs, bu og løe.
Bilde er teikning av Anders Olav
UPPE PÅ FINN - STED 2
Me er no på stølen til Rundtop gnr 55, bnr 13. Her er det eit bilde av fjøset som stod på vollen der. Det er einaste bilde som er frå stølane oppe på Finn.
Bilde av fjøset


SLÅTTENE PÅ FINN
På 1700- og 1800 talet var det neppe noko særleg skog i denne delen av Gravsetåsen. Beiting og slått heldt skogen nede. Slåtten var utmarksslått med ljå eller liknande på områder med god grasvekst. Det er vanskeleg å sjå dette for seg no med stor skog alle stader.
Det vart sett opp løer for å lagre foret til utpå vinteren. Foret vart så dratt ned til gardane, eller bunde saman i ballar og rulla ned på skaren. Dette er ei løe som delvis står enno, løa til Flato ( 55/7)
Tufter i området syner at det har vore fleire løer her.
Bilde av den halve løa
NASABØLE
I søre del av Gravsetåsen hadde Markegård og Langehaug heimstølar. Nasabøle er ein stor eigedom som var heimstøl til Søre Markegård. Det blir også spekulert på om det kunne ha vore fastbuande der på 1700-og 1800 talet, slik som det var i Halle på den tida. Det forklarar også kvifor begge Markegardsgardane har fleire heimstølar i området. Når Halle og Nasabøle vart brukt av fastbuande rydda dei seg nye stølar så som Lislelie, Dekkane og Lusestølen som ligg i same område.
Nasabøle var heimstøl til Søndre Markegård gnr 54, bnr 1.
Tuftene syner at her har det stått eit stort bygg. Antakeleg bu og fjøs i eitt.
Teikning av Anders Olav av bu og fjøs i eitt

STØLANE OPP FOR INTELHUS
Nord for Finn er det spor etter fleire heimstølar. Intelhus og Bakko hadde nok også heimstølar her oppe i åsen. Det forklarar også kvifor Finnstigen går vidare norover og går saman med ferdastigen opp Ulsålskaret og inn på Fekjan. Intelhusgardane har langstølar på Løkenstølane, og det er derfor naturleg drifteveg mellom heimstøl og langstøl. Kanskje var også tilkomsten til heimstølen via stigen oppover frå Løken, for det er bratte berg nedafor desse heimstølane.
Me er no på stølen til Nordre Intelhus gnr 57, bnr 1
Bilde som Hans Petter tok ved rydding sist veke
HALLE
I søre del av Gravsetåsen hadde Markegård og Langehaug heimstølar. Halle er ein stor eigedom som var heimstøl til Nordre Markegård gnr 54, bnr 2. . Det budde fastbuande i Halle frå 1750 til 1850. Det forklarar også kvifor begge Markegardsgardane har fleire heimstølar i området. Når Halle og Nasabøle vart brukt av fastbuande rydda dei seg nye stølar så som Lislelie, Dekkane og Lusestølen som ligg i same område.
Nordre Markegård slo her til utpå 1970 talet.
I Halle er det tufter etter 4 hus, og det er tydlege spor etter åker på eigedommen. .
Eit bilde frå jordet i Halle med dei tydlege murane øverst på jordet.

Finnstigen - Tursti
En fin tursti som går i skogsterreng.
Bilder
Fin skogssti med start fra Hemsedal Bygdatun på Ulsåk.
Karagruppa (frivillig gruppe) har ryddet og sikret den gamle Finnnstigen.
Her finner man rester (tufter) av gamle husmannplasser og heimstøler og får en flott utsikt over dalen.
Forfatters anbefaling
Besøk Hemsedal Bygdatun og se hvordan et gårdstun i Hemsedal så ut på 1600-1700-tallet. Når Bygdatunet er åpent kan du få en guidet tur rundt i lokalene og høre hvordan livet var før i tiden.
Turen kan kombineres med Gravsetåsen rundt og bli en rundtur via topp 20 toppen Storhøvda.
Du får flott utsikt mot Hydnefossen på flere steder og når du er på på toppen av Stohøvda ser du Skogshorn 1728 moh og flott utsikt over vannene på Lykkja.
Når du kommer tilbake kan du ta en avstikker til Geiteberget (Topp 20) 834 m.o.h.
Turbeskrivelse
Turen starter ved Hemsedal Bygdatun og gå mot Gravset før du tar stien opp mot Storhøvda. Fra Storhøvda går du mot Geiteberget og tilbake til Bygdatunet.
Utstyr
Ta med en dagssekk med niste og noe å drikke.
Sikkerhetsinformasjon
Stien er innimellom litt dårlig merket så husk se på kart og se hvor du går.
Veibeskrivelse
Fra Ulsåk tar du av mot Lykkja, kjører et par hunder meter til Hemsedal Bygdatun sin parkeringsplass.
Parkering
Parkeringen til Hemsedal Bygdatun
Kollektivtransport
Du kan ta buss 360 til Ulsåk og gå til starten derifra.





























