Trøll-Tue
![Geiteberget](/imager/images/Bedrifter/Hemsedal-kommune/9913/Geiteberget_67aac0b38b5099d9c61f81ede08c1f0e.webp)
Trøll-Tue er et utebibliotek, der barn kan lese eller få lest opp bøker på turen. Du finner bøkene på Høllekølten, Geiteberget og langs Hemsilstigen.
![Høllekølten Trolltue](/imager/images/Bedrifter/Hemsedal-kommune/9912/Høllekølten_Trolltue_f3e27b90fbeb7c0b8a352b2af63bf541.webp)
I sommar startar Trøll i ord og Hemsedal bibliotek Trøll-tuer: utebibliotek for barn i Hemsedal.
Ei Trøll-tue er eit annleis bibliotek ein kan besøke når ein er på tur. Det er ope i heile sommar og er heilt sjølvbetent. Alle som kjem til ei Trøll-tue kan finne seg ei bok, setje seg ned og lese i vakre omgivnader og så leggje boka tilbake igjen før dei går.
Trøll-tuene i Hemsedal vil vere:
- På Høllekølten
- På Geiteberget
- Langs Hemsilstigen (ved bålplassen nær Krikken renseanlegg)
Dette er enkle turmål som er godt eigna for småfolk på tur.
Trøll-tuene blir drive av Hemsedal bibliotek og Trøll i ord.
Om Trøll i ord: Trøll i ord er eit samarbeid mellom Hemsedal bibliotek og Hemsedal mållag og har som mål å formidle nynorsk leseglede til barn og vaksne i Hemsedal. Trøll i ord blei starta i 2004.
Kontakt
Åpningstider
Mandag-fredag: 09.00-15.00
![Hemsedal kommune logo](/imager/images/66169/hemsedal-kommune-logo_3d85fb425f290a773899694bdf8eaa68.webp)
![Greentravel](/assets/greentravel.png)