Meld deg på vårt nyhetsbrev

Opprett konto

Logg inn for å lage din egen liste eller opprett en konto.

Har du allerede en konto?
Hver måned

Hemsedal Winter Quiz Tour

Winter quiz tour

Hallinghygge inviterer til vinterens triveligste quizkveldar – ein sosial månadleg møtestad der heile bygda kan bli med. Kvar kveld byr på nye quizmasters, nye kategoriar og nye sjansar til både latter, kloke svar og gode møter. Ta turen – dette er lågterskel hygge på ekte Hallingdal-vis.

Hallinghygge Quizkveld – månadleg møteplass i Hemsedal

Hallinghygge og Hemsedal inviterer til månadlege quizkveldar gjennom vinteren – ein sosial og uformell kveld der alle kan bli med. Her får du god stemning, blanda kunnskap og quizmasters som tør å by litt ekstra på seg sjølve.

Vinterens program

Her er oversikta over kven som står på scena – og kvar vi møtest:

November – Døli - Kl. 19.00
Quizmasters: Ordførar Pål Rørby og snowboardlegenda Mikkel Bang

Desember – stad kjem - Kl. 19.00
Quizmasters: Kommuneoverlege Camilla Underland og Micke DJ

Januar – stad kjem - Kl. 19.00
Quizmasters: Kommunedirektør Bjarte Reve og Madam Bacon

Februar – stad kjem - Kl. 19.00
Quizmasters: Dei olympiske deltakarane Hedda Berntsen og Kim Christiansen

Mars – stad kjem - Kl. 19.00
Quizmasters: Kommunepsykolog Christin Wangen Sjölie og Mr. Woolf Merino (Tord Olsen)

April – Grand finale – stad kjem - Kl. 19.00
Quizmasters: Bjørn Holte (grunnleggjar av Hedgehog Dryer) og Adrian Seligmann (grunnleggjar av Scandinavian Alps Coffee)