Meld deg på vårt nyhetsbrev

Opprett konto

Logg inn for å lage din egen liste eller opprett en konto.

Har du allerede en konto?
Tirs. 3. feb.

Foredrag - Hundeangrep på sau

Sauer i fjellet.

Hunder som jagar eller skadar sau og geit er eit aukande problem – også i Hemsedal. Tysdag 3. februar inviterer lokale aktørar til open kveld på Hemsedal bibliotek, med fagleg påfyll, film og samtalar om kva vi kan gjere saman for å førebyggje skadar i utmarka.

Foredrag - Hundeangrep på sau

Kor stort er problemet – og kva kan vi gjere saman?

Tid: Tysdag 3. februar kl. 18.30–21.00
Stad: Hemsedal bibliotek
Arrangør: Hemsedal Sau og Geit, Hemsedal sankarlag og Hemsedal kommune
Pris: Gratis
For hvem: Saue- og geiteigarar, hundeeigarar, hyttefolk, friluftsfolk og andre interesserte

Hunder som jagar eller går til åtak på sau og geit er eit aukande problem – også i Hemsedal. Denne kvelden samlar vi fagfolk, lokale aktørar og engasjerte fjellfolk for å få meir kunnskap, dele erfaringar og snakke om løysingar som faktisk verkar.

Kva veit vi om omfanget i dag? Kvifor skjer dette? Kva ansvar har hundeeigarar – og kva kan beitebrukarar gjere? Og ikkje minst: korleis kan vi samarbeide betre for å førebyggje jaging og skadar i utmarka?

Dette er ei open og lågterskel samling med innlegg, film, samtalar og god tid til spørsmål frå salen.

Program

18.30
Velkomen
v/ Lars Einar Intelhus, Hemsedal Sau og Geit

Kortfilm om hundekurset – laga av hundefolk for hundefolk
v/ Hanne Lykkja, besøksforvaltar, Hemsedal kommune

Kort om beitedyr i utmarka og hund som skadar småfe i Hemsedal
v/ Karin Vøllo, Hemsedal sankarlag

18.45
Kor stor er problemet – og kva tiltak verkar?
Innlegg og samtale med Per Fossheim, beite- og utmarksrådgjevar i Norsk Sau og Geit (NSG).
Spørsmål frå salen.

19.45
Pause

20.00
Tiltak i Hemsedal
Filmar og døme på tiltak som verkar – retta mot arbeidsgjevarar, hyttefolk, beitebrukarar og hundeeigarar.
Korleis formidle godt om beitedyr, gjerde, tilsyn og hundelova i møte med folk i utmarka?

20.15
Korleis kan vi jobbe saman?
Samtale og erfaringsdeling med bidrag frå:
– Håvard Falnes Kristoffersen (utmarksoppsyn, Hemsedal)
– Lars Einar Intelhus (styret Hemsedal Sau og Geit)
– Olav Vollebekk Veslestølen (viltnemda / besøksforvaltningsrådet)
– Per Fossheim (NSG)
– Bjørn Olsrud (kursleiar i hundeåtferd)

20.50
Vegen vidare – oppsummering og avrunding

21.00
Vel heim!

Arrangementet er ope for alle, og det er inga påmelding.

Velkomen til ein viktig og konstruktiv kveld for fjellet, folka – og dyra som brukar det.