Fagkveld om villrein

Historia om villreinen er også historia om oss. 12. januar inviterer Hemsedal kommune og Stiftinga Norges Høgfjellsskule til gratis fagkveld i kultursalen. Her får du bli med på ei eventyrleg reise gjennom tid, fjell og fellesskap – fortalt av nokon som kjenner villreinen frå innsida.
Ei felles historie gjennom 500 000 år
Villreinen har vandra langt. Frå Sør-Amerika, via Nord-Amerika og Beringia, før den fann vegen inn i Europa og vidare til fjella våre. Mennesket kom frå ein heilt annan kant – men møtet mellom oss endra alt. I meir enn ein halv million år har reinen vore livsgrunnlag for menneske i dei tøffaste klimaperiodane. No er rollene snudd. Det er villreinen som treng oss.
Denne kvelden er via til den lange vandringa – både den biologiske, kulturelle og menneskelege. Ei historie om tilpassing, overleving og sterke band mellom artar som eigentleg ikkje skulle høyrt saman.
Villrein i Hemsedal – kva skjer no?
I 2017–2018 vart villreinen i den nordlege delen av Nordfjella skoten ned på grunn av sjukdomen CWD. No er reinen i sør friskmeld, og arbeidet med å gi den tilgang til viktige beiteområde i Ål og Hemsedal er i gang igjen. For Hemsedal er vinterbeitene mot Ål heilt avgjerande.
På nordsida av dalen har vi tamrein. Villrein og tamrein er same art – og nettopp derfor er kunnskap, omsyn og god forvaltning ekstra viktig. Skal villreinen overleve, må den få ro og plass nok.
Foredrag, forvaltning og framtid
Kvelden blir leia av sterke fagstemmer:
Reidar Andersen, forfattar og forelesar, tek oss med på hovudforedraget Den lange vandringa – to slekter, éin felles historie. Med erfaring som friluftsmann, jeger, professor, forskar og forvaltar fortel han levande og engasjerande om reinen og mennesket – før og no.
Hanne Lykkja, besøksforvaltar i Hemsedal, innleier om besøksforvaltning og korleis vi kan ta vare på villreinen gjennom arealplanlegging, kulturmiljøplan og arbeidet som pågår no.
Pål Rørby, ordførar i Hemsedal, avsluttar kvelden med status og vidare planar for reetablering av villrein i Nordfjella.
For kven?
Dette er ein kveld for nysgjerrige fjellfolk. For turfolk, jegerar, naturinteresserte, barnefamiliar med litt større ungar – og for alle som vil forstå meir av fjella vi ferdast i.
Velkomen til ei minnerik stund i kultursalen.
Ei historie om fjellet, reinen – og ansvaret vi deler.
Praktisk info
- Kultursalen, Hemsedal
- 12. januar
- Kl. 19.00
- Gratis arrangement
Korleis kan vi, som turfolk og fjellvandrarar, vere med å ta vare på villreinfjellet mellom Ål og Hemsedal? Denne kvelden er ein god stad å starte.
Kontakt
Åpningstider
Mandag-fredag: 09.00-15.00
