Dialekta vår er levande – no får ho også si eiga lærebok. Denne kvelden får du møte redaktør Aud Søyland og Olav Randen, som tek oss med inn i historia, systemet og kjensla av hallingmålet.
Ny lærebok om Hemsedalsdialekt og hallingmål
Tysdag 2. desember | kl. 18–20 | Hemsedal Bibliotek
Arrangør: Mållaga i Hallingdal
Dialekta vår er levande – no får ho også si eiga lærebok. Denne kvelden får du møte redaktør Aud Søyland og Olav Randen, som tek oss med inn i historia, systemet og kjensla av hallingmålet.
Det blir song på halling frå elevar i kulturskulen, tankar om språk og identitet frå dialektleir-ungdomane Solveig og Sunniva, og litt både underhaldning, kaffi og kaku – slik det skal vere.
Boka høver for ungdom som er tospråklege, for dei som vil lære systemet bak hallingmålet, for alle som pratar dialekt og vil bli meir bevisste, og for hyttefolk som er nysgjerrige på språket i dalen.
Det blir sjølvsagt sal av boka – eit fint julegåvetips til både språknerdar og Hallingdal-patriotar. Er du medlem i mållaget, får du medlemspris. Du kan også melde deg inn på staden.
Hjarteleg velkomen til ei varm og språkleg kjekk kveld!
Kontakt
Åpningstider
Mandag-fredag: 09.00-15.00


