Hallinglos

Synest du byråkratiet er vanskeleg å navigere i? Har du planar, men veit ikkje kvar du skal starte? Då treng du los, Hallinglos. Hallinglos er ein stad å starte, der kommunen sin teneste stoppar.

Hallinglos kan vere god hjelp dersom du har byggjeplaner, spørsmål i samband med arealplanlegging, problemer med nabo eller berre ynskjer å drøfte alternative løysingar før det vert sak i kommunen.
Hallinglos kan litt om alt av det som gjeld , byggesøknader, reguleringplaner, kart og oppmåling, eigarskifte, eigedom, eigedomsgrenser, saksgang i kommuner, privat vatn og avløp, og om ikkje Hallinglos kan, kan Hallinglos lose deg vidare.