Meld deg på vårt nyhetsbrev

Opprett konto

Logg inn for å lage din egen liste eller opprett en konto.

Har du allerede en konto?
Tirsdag 10. februar

Foredrag - Kven styrer feeden vår

Kven styrer

Kven bestemmer kva du ser i feeden din – og kvifor? I ei tid der algoritmar og kunstig intelligens formar kvardagen vår, inviterer Hemsedal bibliotek til eit tankevekkjande foredrag med forfattar og journalist Bår Stenvik.

Kva skjer når algoritmar, kunstig intelligens og sosiale medium i aukande grad formar kva vi ser, meiner – og delar? Kven er det eigentleg som styrer feeden vår?

Tysdag 10. februar inviterer Hemsedal bibliotek til foredrag med Bår Stenvik, forfattar og journalist med solid innsikt i teknologi og digitale maktstrukturar.

Med utgangspunkt i eigne bøker og journalistisk arbeid tek Stenvik oss med inn i den digitale kvardagen vi alle er ein del av – og gir oss verktøy til å forstå meir av det som skjer bak skjermen.

Dette handlar foredraget om

  • korleis teknologi og algoritmar påverkar vala våre

  • moglegheiter og utfordringar med kunstig intelligens og sosiale medium

  • kvifor kritisk tenking er viktigare enn nokon gong

Foredraget er ein del av prosjektet Litterær beredskap i ei uroleg tid, støtta av Fritt Ord, og er første arrangement i serien.

Praktisk informasjon

Dato: Tysdag 10. februar
Tid: Kl. 19:00–20:00
Stad: Hemsedal bibliotek

Ein tankevekkjande kveld for alle som er nysgjerrige på kva som eigentleg skjer i feeden – og kva rolle vi sjølve spelar.

Hemsedal Bibliotek