Lokalmat på Fausko

Mat og felespel i Årestugu

Velkomen til annleis måltidsopplevingar i kombinsjon med historieforteljing på ulike matscener.

Lokalmat på Fausko Gjestegard

  • I Gildehallen med 3-og 5-rettars fjellmenyar og italiensk vin.
  • I Årestugu med lokale matspesialitetar av kjøt, fisk og ost, etter dei eldste konserveringsteknikkane.
  • På Kornmagasinet med rakafisklag av eigenfiska fjellaure eller raklett på Fausko-vis med råvarer frå bygda.
  • I Hallingstugu med bondekost og kvardagsmat.
  • På Fauskostølen med fjellaure i mange variantar og tradisjonell stølskost.
  • På Låven med menyar av fjellmat og lokale råvarer. Eller ferske rettar frå den vedfyrte bakaromnen.