Opprett konto

Logg inn for å lage din egen liste eller opprett en konto.

Har du allerede en konto?
Frå isen gjekk for omlag 10 000 år sidan og fram til mellomalderen tok til for 1000 år sidan, kan dei fysiske spora i landskapet fortelje oss noko folks liv her i landet.
5 min
Oppdatert 24 juni 2022

Kulturminne i Utmark

Far etter folk i landskapet rundt oss

Når historia skal skrivast er det mange spørsmål som ein berre kan få svar på ved å studere landskapet. Lettast er det å få auge nedlagte bruk, stølar, vegar, steingjerde og andre kulturminne. Har ein augo med seg vil ein og kunne oppdage kolgroper, slagghaugar, ulike fangstinnretningar for større dyr som elg og rein, og tufter etter hus som har vore nytta i ulike utmarksnæringar.

Kolgroper

Ei kolgrop er ei gravd grop med diameter ca 3 m og 0,2 - 0,7 m djup, der det er blitt framstilt kol av trevirke. Slike groper har vi funne over heile kommunen. Trekolet som vart laga blei brukt til jernframstilling eller i smia som høyrde til på gardane heilt opp til vår tid. Det eldste trekolet som er datert i samband med jernproduksjon i Hemsedal, skriv seg frå ein slaggklump som er frå 2-300 e.Kr. Slagg er eit biprodukt ved framstilling av jern fra myrmalm. Myrene i fjella her innheld mykje jern, og fleire stader kan ein sjå den typiske rustfargen på stein og torv. Også den blå hinna som ligg på stilleståande myrvatn viser at det er jern i grunnen.

Fangstanlegg for villrein

Der fjellet ligg urørt av menneskelege inngrep følgjer villreinflokkane omlag dei same rutene som dei alltid har brukt. Ved smale sund, i fjellpass og på stader der det er lettast å kome fram i brattlende, kan vi finne spor etter gamle fangstmetodar. Fangstgravene slik vi ser dei, er ofte samanraste, men ei nøyare gransking viser ein mura firkant på omlag 1,8 x 0,8 m gravd ned i bakken.

Som oftast er det vanskeleg å sjå kor djup grava har vore, men eit reinsdyr skulle kunne stå nedi ho. Ut frå fangstgrava kan ein ofte sjå leiegjerde som kan vere fleire titals meter lange. Desse vart bygde slik at dei skulle leie reinen mot grava når han gjekk og beita.

Rein viker unna for sjølv låge steinar når han ikkje er skremd, og på denne måten vart han leia mot grava, som har vore dekka over. Ein kan og sjå leiegjerde som knyter saman fleire graver til eit fangstanlegg. I nærleiken av reintrekka kan vi av og til finne bogastiller - dette er låge steinmurar. Bak desse kunne jegarane ligge med pil og bue når dyra drog forbi.

Fangstgroper for elg

Fangstgroper for elg finn ein oftast gravd i lausmassar under tregrensa i område der det er elg også i dag. Dei er som oftast større og djupare enn kolgropene og ligg ofte fleire saman.

Hustufter

Hustufter kan som oftast sjåast på vollen eller muren etter veggen. Husa har som oftast vore firkanta med varierande storleik på grunnflata. Det er og registrert runde og ovale tufter. Ein kan og sjå ei eller fleire døropningar. Husa har hatt mange ulike funksjonar og vi finn dei over heile kommunen.

*Teksten er fra Hemsedal kommune