UNDER STJERNEHIMMELEN - JULEKONSERT «Tänd en stjärna i mitt bröst som ger mig glädje, tro och tröst, och säg att vintern har ett slut, också i människans liv» – Mikael Wiehe
Jul betyr tradisjonar, og for mange er julekonsert ein kjær førjulstradisjon og eit etterlengta pusterom i ei travel tid. Me treng å markere at mørketida snart er over, og at lysare tider ventar. I ei uroleg verd må me òg ha tru på at det ikkje berre er sola som snur.
I år har Ålkoret og Hemsedalskoret slått seg saman for å gje publikum ei uforgløymeleg konsertoppleving. Repertoaret byr på alt frå mektig barokkmusikk til ukrainsk julemusikk, joik, amerikansk julestemning, musikk frå våre naboland, og sjølvsagt kjende og kjære julesongar som har følgd oss i generasjonar. Med over 70 songarar og dyktige profesjonelle musikarar, kan du vente deg både gåsehud og ekte julestemning i kyrkjene i Hemsedal og Ål!
Medverkande:
Hemsedalskoret
Ålkoret
Tori Snerte – dirigent og fløytesolist
Arild Rønsen – dirigent
Klara Feiring – trompetsolist
Audun Flaen – organist
Anna Brunner – pianist
Rasmus Juvhaugen Rønsen – lydtekniker
Sted: Hemsedal Kyrkje
Dørene opnar kl. 18.30
Velkomen til ei magisk førjulsstund under stjernehimmelen!
Kontakt
Åpningstider Kyrkjekontoret:
Mandag - torsdag kl. 09.00 - 15.00