Meld deg på vårt nyhetsbrev

Opprett konto

Logg inn for å lage din egen liste eller opprett en konto.

Har du allerede en konto?
22. januar

Historiekafé på Tuv

Avstandsbilde av alle folkene inne på flattbrøbakeriet, som hygger seg.

Torsdag 22. januar blir det tidsreise med kaffekopp i handa på Tuv. Vi snakkar om mat, kvardagsliv og alt som har endra seg i Hemsedal gjennom to hundre år – frå gryter på grua til kjøken med Wifi (nesten). I tillegg blir det lansering av ei splitter ny gardsbok du må få med deg. Entré 130 kr. Døra opnar 18:45. Velkommen!

Historiekafé på Tuv – smak på historia!

Kva åt me før, som me knapt rører i dag?
Kvifor kokte alt i éi gryte i 1820, og kvifor byrja me plutseleg å steike, bake og pynte på fatet seinare?

Dette får du svar på – og litt til – når historiekaféen riggar seg til på Tuv torsdag 22. januar kl. 19 med tema:

«Matstell i Hemsedal gjennom 200 år – når, korleis og kvifor har ting endra seg?»

Kvelden blir alt anna enn tørr:

  • Ny og flott gardsbok blir presentert

  • Kaffi og kake inkludert i inngangsbilletten

  • Musikk

  • Quiz for dei med skarpe knivar (i hode altså)

Praktisk

  • Dato: Torsdag 22. januar

  • Tid: 19:00

  • Dørene åpner: 18:45

  • Pris: 130 kr ved inngangen (Vipps eller kontant)
    Dekker kaffe/te og kake

  • Kjøp undervegs: Fleire godsaker kan kjøpes over disk


Se mer på Hemsedal Historielag på Facebook og på hemsedalhistorielag.no