Meld deg på vårt nyhetsbrev

Opprett konto

Logg inn for å lage din egen liste eller opprett en konto.

Har du allerede en konto?
Søndag 11/7 til Onsdag 15/7

Dialektleir
På Snertestølen

Dialektleir
Kuer ved snerte.

Dialektleir på Snertestølen – Moro med halling!

Frå 12. til 15. juli blir det arrangert dialektleir på Snertestølen i Hemsedal for barn frå 3. til 8. klasse. Leiren har plass til 20 deltakarar, og prisen er 1 600 kroner, inkludert kurs, mat og overnatting.
Målet med leiren er å inspirere barn og unge til å bruke og lære hallingdialekta gjennom leik, aktivitetar og ekte stølsliv. Deltakarane får vere med på dyrestell, song, dans, forteljingar og spennande aktivitetar ute i naturen.
Kvar dag kjem erfarne dialektlærarar som lærer bort halling gjennom praktiske tema som friluftsliv, handverk, folkesong og andre tradisjonar. På denne måten blir dialekta ein naturleg del av opplevingane.
Leiren blir arrangert av Snertehaugen Mjølk & Musikk i samarbeid med mållaga i Hallingdal. Onsdag 15. juli kl. 18.00 – 21.00 blir det arrangert ein open kulturkveld der alle er velkomne.
Dialektleiren er eit flott tilbod for barn som ønskjer å lære meir om hallingdialekta, få nye venner og oppleve tradisjonelt stølsliv i vakre omgjevnader.
Lærerne på årets dialektleir (12.-15. juli):
Daniel Kvammen: Låtmekking
Kristin Pålgårdhaugen: Brodering
Thorleif Hornet: Skøte på blenkInger
Marie Lien Rust: Kveding
Erlend Opheim Berg: Folkedans
Mari Kaslegard: Halling og identitet
Gunveig Nerol: Stølsblomar og teikning
Unn Perstølen: Blåse på lur / gamle folkemusikkinstrument
Elvira Gomez Snerte: Teaterimpro
Les mer om dialektleiren her.