Opprett konto

Logg inn for å lage din egen liste eller opprett en konto.

Har du allerede en konto?
Lørdag 19.00

Konsert med Stig Ulv i Hemsedal kyrkje

Stig ulv konsert hemsedal kyrkkje

Endeleg kan me invitera til konsert att og me startar med gitarviritous Stig Ulvestad i Hemsedal kyrkje.

«Stig Ulv spelar ikkje på gitarar, han får dei til å snakke. På nynorsk sjølvsagt. Med utsøkt gitarteknikk, ein reinskåren følelse for harmoni og melodi, og ein lyd som ber tonar over hav.»

Det set sine spor å vekse opp i Ørsta, Ivar Aasen si heimbygd, som ligg klemt mellom mektige fjordar og majestetiske fjell på Søre Sunnmøre. Det er truleg her, i skjæringspunktet mellom folk og natur, at den har oppstått, Stig Ulv sitt distinkte varemerke: Den uimotståelege klangen.

– Dette er ikkje akkurat festmusikk, seier Stig Ulv sjølv.

Og det takkar vi for. Det finst nok av slikt. Nei, Stig Ulv er noko heilt anna: Ro og pusterom. Høgst nødvendige komponentar i ei samtid prega av stadig aukande krav til tempo og effektivitet. Sjølv kallar han det stemningsfull instrumentalmusikk. Men det er berre for han er beskjeden.

Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas. Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre

Max 70 personar

Betaling med i Vipps i døra.

Billettar: kr 200

Ungdom: 12 - 18: kr 100

Barn: Gratis

Kontakt

Åpningstider Kyrkjekontoret:

Mandag - torsdag kl. 09.00 - 15.00

Fredag: 09.00 - 12.00

Gaupe i farger 1