Bokslepp på FauskoFrå jeger til gjetar
Forfattar Kjell Bitustøyl kåserar med bilete frå si nye praktbok: "Frå jeger til gjetar".. ei bok også med mykje nær historie frå Hemsedal og Hallingdal.
PÅ FAUSKOLÅVEN ONSDAG 7 des. kl 19.00.
Smak av rakafisk frå Vavatn og musikalske innslag. Fri inngang! Velkomen!
---------
Historia om tamreinen i Jotunheimen og Filefjell er ikkje fortalt før i sin heilskap. Dette er ei bok som spenner over ein tidsperiode på rundt 200 år, frå dei fyrste forsøka med tamrein tidleg på 1800-talet til dagens reindrift i Jotunheimen og Filefjell. Det er fire lag som framleis driv i dette området: Lom Tamreinlag, Vågå Tamreinlag, Fram Reinlag og Filefjell Reinlag. Desse fire utgjer den sørlegaste reindrifta i landet.
Eitt av dei fire laga har vore og er sterkt forankra i Hemsedal, Filefjell Reinlag. Pr. i dag leiger dei beite i Hemsedal, og Runar Olav Sletten Bjøberg, busett på Bjøberg, er medeigar i reinlaget. Son hans, Sondre Bjøberg, er med som fast gjetar i Filefjell Reinlag. Fleire gjetarar frå Hemsedal/Hallingdal har vore med i Filefjell Reinlag, det er nok å nemne Kristian Sveinunggard frå Skurdalen/Hemsedal, Sylfest Laingen, busett i Hemsedal og Olav Håkon Sando frå Hovet. Sando har bidrege med foto til boka.
Dette er mest av alt ei historiebok, og då er historia om Hemsedal Tamreinlag sjølvsagt òg med. Sentrale personar i dette laget var Knut J. Dokk og Olav J. Grøthe. Dette laget starta opp i 1924 dreiv på, med nokre avbrekk, til litt etter krigen. Fleire av gjetarane frå dette laget finn me òg att i andre lag som er omtalt i boka, blant anna sørsamen Gustav Granefjell. Og han som blei gift med syster til Gustav, Magda Granefjell, Johannes Grøthe frå Hemsedal. Han var gjetar i mange år i ulike lag og får brei omtale i boka. Det same gjer stefar hans Odin Daneborg, frå svensk side av sørsamisk område, gift i Hemsedal. Vidare Amund Johnsen, lulesamisk reinskar frå Hamarøy, som kom til Geilo med familien rett eter krigen, han er kjent for mange i Hallingdal. Også han var i Jotunheimen ein periode, han hadde sommarbeite for flokken sin ved Sletterust vest i Jotunheimen. Frå siste perioden med reindrift i Hallingdal vil mange hugse Sigvard Jonsson, han kom til Hol ca. 1975 med familien og ein stor reinflokk, transportert til Hallingdal med bil frå Ammarnäs, umesamisk område i Västerbotten län i Sverige. Etter nokre år i Østre Hol Tamreinlag flytte Sigvard med flokken og familien til Filefjell og var med i reinlaget der fram til dei overtok ein ledig «konsesjon» i Idre sameby i Härjedalen.
Den sterke påverknaden frå samisk reindrift går gjennom alt, og er så viktig at ein godt kan kalle dagens reindrift for ein samisk kulturtradisjon. Både kunnskap, kompetanse og rein har kome frå nord, ein sterk og langvarig impuls som så langt ikkje har fått den merksemda han fortener.
Denne boka er aller mest ei bok om reinsgjetarane og deira liv. Det er gjetarane som er tettast på reinen, som fylgjer flokkane heile året. Mange gjetarar ser på yrket sitt meir som ein livsstil: Samværet med reinen, nærleiken til naturen og samarbeidet gjetarane i mellom. I eit langt perspektiv er dette ei næring som har gått gjennom store omveltingar: teknologisk, organisatorisk og når det gjeld avl og slakting. Historiene er mange og byggjer på skriftlege kjelder frå den eldste tida og frå nyare tid på intervju med både noverande og tidlegare gjetarar. Boka er gjeve ut av Kontaktutvalet for tamrein.
Om forfattaren:
Kjell Bitustøyl (f.1953) frå Rauland, busett i Bø i Telemark, har tidlegare skrive to bøker om tamreindrift i Sør-Noreg: Ei bok om Hardangervidda (2012) og ei bok om Setesdalsheiane (2017). Han har blant anna bak seg ein periode som frilansar ved Norsk villreinsenter Sør på Skinnarbu i Tinn.
Kontakt-info forfattar Kjell Bitustøyl:
Tlf: 46443031
Epost: kjellbitu@me.com
Bileta i oppslaget er frå boka. Biletet av forfattaren er teke i flottaste reinbeitelandskapet i Storebøtn i Hemsedal, teke av Knut Fausko.
