Opplev den genuine delen av Hemsedal på Fausko. Vi kombinerer historie og tradisjon med moderne konferansefasilitetar og utsøkt mat. Med beliggenheit eit steinkast utanfor den mest "hektiske" delen av Hemsedal er Fausko alternativet for både private og for næringslivet.
Fausko Skysstasjon har overnattingsplass for inn til 50 personar, fordelt på to store gjestehus og tre stabbur. Dette kan passe for familieselskap, vennelag og bryllup. Det kan delast opp i 4 separate bueiningar for sjølhushald.
For bedriftsarrangement og konferanse er det plass for 18 pers i enkeltrom og 36 pers i dobbeltrom.
Mulighet for ekstern innkvartering på nabogardane, dersom det er behov for ekstra rom.
Gildehallen
Skysstasjonen på Fausko vart etablert i 1870 åra. Her var det traktering og losjiment for reisande mellom aust og vest, den tida ei reise frå Oslo til Bergen tok 10 dagar!
Fjellbøndene trakterte dei reisande, som gjerne var storkarar, embetsfolk og kunstnarar.. med rupe og reinsdyrsteik, og det vart gjerne også bydd på franske vinar og konjakk!
I denne tradisjonen byr Fausko på fjellmat og tradisjonsmat under sitt slagord ”lokal mat for globale ganer”.. I Gildehallen på Skysstasjonen, med inn til 60 siteplassar, blir det tilbydd tre og fem rettars ”fjellgourmet-menyar”. Og dei franske vinane er bytta ut med vinar frå Toscana og Piemonte i Italia, som eit resultat av stationshaldaren sine turar og kontakter i dei kjente vindistrikta i Italia.
Måltid med middelalderstemning i Årestugu
Velkomen til ein kveld med mykje god mat og stemning som får oss til å gløyme tid og stad for ei stund med ei kjensle av å oppleva korleis nordmennene, vår forfedrar.. levde og budde.
Årestugu har vore eit populært tilbod på Fausko Skysstasjon gjennom sidan 1995. Årestugu ligg i utkanten av tunet på gjestegarden. Det er open eld midt i rommet med kraftige langbord kring elden og ekstra peis i ”nyestugu” frå 2008. Anretning for mat og drikke midt i stugu. Det er plass for inntil 60 personar.
Rakafiskloftet på Fausko – Nyheit 2010
”som å spise under åpen himmel”.. sa den fyrste gjesten..
Langbordet i den innbygde svalgangen i 2 høgda er dedikert for rakafisklag og andre lystige lag. Inne på sjølve loftet er det 4 store bord. Til saman ca 40 plassar.
Stabburet på Fausko – frå 1700 talet, er nyrenovert og opna for servering i 2010. Opphaveleg var dette det gamle kornmagasinet som stod ved stavkyrkja på Kyrkjebøen. Vart flytt til Fausko tidleg på 1800 talet av fyrste eigar i slekta til noverande eigar på Fausko. Her var det lager av såkorn og matmjøl, og eit ekstra forråd av den livsviktige råvara.. til utdeling for dei som trengde det mest.. og det var sikkert mange. Slik starta fordelingspolitikken og dette vart ein forløper til både bank og sosialvesen.
Lokal kultur og musikk
Innehavaren av Fausko Skysstasjon, Knut
Fausko er ein habil folkemusikar og hardingfelespelemann.
Knut har fleire tilbod, aleine
eller saman med andre musikarar, der gjester kan
få eit glimt inn i folkemusikkens verden, i sitt rette
element, i Årestugu eller i dei andre stovene på
garden. Knut er kjent for si tolking av det kjente
sagnet frå Hemsedal frå eit ”..blodig bryllup i
Hemsedal etsteds..” som hende sist på 1600 talet.
Opplev denne dramatiske historia ved elden i
Årestugu med forteljing, deklamering og framføring
av slåtten Fanitullen på trollstemt hardingfele.
Turar og aktivitetar
- Fjellbonden, stasjonshaldaren og Grønlandsfararen Knut Fausko tek gjerne med gjestene til fjells for mange gode opplevingar.
- Besøk på Fauskostølen i Vabuleino med
stølslunsj
- Kulturvandring i steinalderhistorie
- Fjellfiske, vera med bonden på garnfiske,
eller flugufi skekurs
- Matkurs med tilberedning av fersk fjellaure, og
kurs i legging av rakørret.
- Toppturar sommar som vinter
- Miniekspedisjonar med Grønlandskjensle,
2-4 døgn med pulk og telt
Topptur til Ranastongi, 1900 m.o.h. –
Norges beste utsiktspunkt.
Vabuleino er beste utgangspunktet for tur til
Ranastongi, 2 – 3 timar tur kvar veg. Frå toppen er
det utsyn mot Sogn og Jostedalsbreen mot vest,
Jotunheimen og Rondane mot nord, Austlandslandskap
heilt inn mot Olsomarka mot aust og
Gaustatoppen og Hallingskarvet mot sør. Eit synsfelt
over eit område som er større enn Danmark. På
toppen står ein ved stupet til Hestebotn, eit storsått
canyonliknande landskap, og på turen vil ein og få
flott utsyn over Hydalen landskapsvernområde som
ligg i Hemsedal kommune.
Drivstugu – eit moderne konferansemiljø
Drivstugu er eit moderne konferansemiljø på 200 m2 på sokkelplanet i Hallingstugu. Som ein sterk kontrast til den rustikke stilen og gardsmiljøet på Fausko. Det er driv over dette namnet, og her er det meininga at folk skal kunne drive på med det dei driv med i det daglege. Eit profesonelt konferansemiljø, lyst og stilig og med stram design. Fellesrom og 4 grupperom. God ventilasjon, raskt breiband og tekniske innretningar som gjer at jobben og kontakten med omverda likeså godt kan gjerast her som andre stader i verda...